Etableringshjelp

Har du lyst til å starte bedrift? Går du med ein gründer i magen?

Vi kjenner utfordringane du står overfor, og vil gjerne hjelpe deg vidare. Aurland Næringshage vil tilby hjelp til personar og bedrifter som er i etableringsfasen, eller som ønskjer å utvikle seg vidare. Dei treng sjølvsagt ikkje å vere lokaliserte i næringshagen for å få denne hjelpa.

I næringshagen skal du som ynskjer hjelp, finne den kompetansen du treng for å kome vidare – altså ei målretta og effektiv hjelp.

All førstekontakt er uforpliktande og tufta på eit fortruleg forhold mellom aktørane. Ta kontakt for ein uforpliktande og fortruleg samtale.

Aurland Næringshage arbeider i eit avklara og nært samarbeid med Aurland Næringsutvikling AS. Sjå link i høgre spalte på denne sida.

Nyttige nettstader

Portalen for bedriftsinformasjon www.bedin.no
Samleside for etablerarinformasjon www.etablerer.no
Innovasjon Norge www.invanor.no