Rådgjeving

Næringshagen skal tilby rettleiing for etablerarar og bedrifter i området. Denne tenesta vil vera ein service til etablerarar og bedrifter i utvikling. Det vil vera informasjon og bistand til utvikling av forretningskonsept, finansieringssøknader retta mot Næringsfondet, BU systemet og Innovasjon Norge.

Næringshagen skal tilby fagleg rettleiing og tilrettelegging langs heile spekteret frå produktide til sal. Det vil bli lagt særleg vekt på bedriftsutvikling og marknadskompetanse.

Starthjelp for nyetablerarar.

Mange av våre etablerar startar i det små med utgangspunkt i eigen kunnskap og erfaringar. Aurland Næringshage har utvikla eit lågterskel tilbod tilpassa behovet til desse etablerarane.

Du inngår ein “Avtale om bedriftsutvikling” med Næringshagen og får fagleg oppfylgjing i form av to “klippekort”  for høvesvis økonomi og profilering.  Med desse klippekorta i handa kan du kjøpe tenester hjå bedrifter i Næringshagen til å få orden på alle formalia overfor det offentlege og til å gjere verksemda di kjend på ein tenleg måte.

Døme: Avtale om bedriftsutvikling

Døme: Klippekort profilering

Døme: Klippekort formalia