March 8th, 2010
SAKTE alliansen har etablert samarbeid med den svenske økoturismeforeningen som eig merkevara Naturens Besta.
Vi får på gunstige vilkår tilgang til deira kompetanseprogram.
I første omgang vil vi gjennomføre dei 2 første av 10 modular i dette programmet.
Program kjem i nær framtid.
December 14th, 2009
Framtidsfylket er namnet på ei offensiv satsing på rekruttering og karriereutvikling i fylket.
Les meir på www.framtidsfylket.no

September 24th, 2009
Få meg deg Smak sakte festivalen 2009. Ler programmet her
June 30th, 2009
Aurlandskoen Economuseum opnar 1 juli etter månader med intenst atbeid. Det er ein stor dag for Aurlandsamfunnet no når ei av bygda sine fremste merkevarer står midt oppe i ei offensiv satsing både innan produksjon , utvikling og marknadsføring. Les meir her
March 31st, 2009
Aurland Næringshage arbeider med lokale organisasjonar og bedrifter om utvikling av eit mangfold av mat og opplevingstilbod med utgangspunkt i lokal natur og kultur.
I sommar skal desse unike produkta gjerast tilgjengeleg for gjestene heile sommaren gjennom.
Næringshagen skal prøve ut eit nytt torgtilbod men manglar prikken over i-en. DEG!!
Vi treng 2 gjestfrie, “språkmektige” og engasjerte personar som drøymer om å kunne få presentere og selje det beste bygda har å by på til menneske frå heile verda.
Sesongen er frå 20 juni og ut august men vi er budde på å tilpasse oss skulestart om det det aktuelt.
Vi er interessert i både skuleelevar og “vaksne” som søkjarar.
Lurer du på noko så ring Pål Drønen på tlf. 99 10 81 63.
Elles kan søknader sendast:
Auland Næringshage AS
Postboks 27
5741 Aurland
E-post: ivar@aurlandnh.no
January 16th, 2009
Aurland Næringshage arrangerer kurs i merkevare- og produktutvikling ; Merkevare Aurland 09.
Kurset rettar seg til bedrifter og etablerarar i Aurland som ynskjer å utvikle mat og reiselivsopplevingar under eit felles alliansemerke.
merkevare-aurland-invitasjon
Read the rest of this entry »
January 5th, 2009
Utviklingskurs for små og mellomstore bedrifter i Aurland og Lærdal,
Måndagar 19. og 26. januar, 2. og 9. februar 2009
Kultursalen i Lærdal (januar) og ECO-bygget i Vassbygdi (februar)
meir info: her
August 20th, 2008
Onsdag 3 september kl.19.00 vert det ope informasjonsmøte om Aurlandskoen i Kommunestyresalen, Rådhuset.
Formålet med møtet er å gje informasjon om planane for visningssenteret og ikkje minst skapa eit lokalt engasjement for å få folk med kjennskap til skohistoria til å bidra med kunnskap og historikk til arbeidet med visningssenteret.
Kontaktperson: Arve Tokvam
August 1st, 2008
Aurland Skofabrikk lyser ut stillingar i samband med den føreståande satsinga på utvikling av eit Economuseum og visningssenter.
Les annonsen her