Prosjekt

Aurland Næringshage AS vil ta initiativ til strategiske utviklingsprosjekt som kan vera eigna til å styrke bedriftene sine mogelegheiter for å lukkast.

Ta gjerne kontakt derson du har idear eller støyter på flaskehalsar som det må samarbeid til for å kome gjennom.

Allereie frå starten vil Aurland Næringshage gjennomføre to utviklingsprosjekt som er innretta for å hjelpe fram bedrifter innan lokal mat og natur og kulturbaserte opplevingsbedrifter.

Næringshagen vil og samarbeide tett med Nærøyfjorden Verdsarvpark.