Kjøkenhagen

Aurland Næringshage disponerar kjøkenet i Fjordsenteret etter avtale med Sogn jord og hagebrukskule (SJH). Dette skapar ein “vinn vinn” situasjon for begge partar. SJH blir avlasta for driftskostnader og får tilgang til kompetanse og impulsar frå Næringshagenettverket. Næringshagen og bedriftene i området får høve til å utvikle sine idear i godkjende lokale inntil dei har utvikla grunnlaget for eiga satsing.

Aurland Næringshage har engasjert kokk Pål Drønen som kvalitetsansvarleg og matfagleg ressursperson for brukarane av “Kjøkenhagen”. Målgruppa for “Kjøkenhagen” er både bedrifter som satsar på foredling av lokal mat og serveringsbedrifter som vil utvikle eigne lokale menyar.

Næingshagen vil bidra med tilrettelegging og kompetanse overfor dei bedriftene som sjølv tek inintiativ og vil skape noko. Næringshagen har ingen allmenne plikter.

Aurland Næringshage AS har inngått ein samarbeidsavtale med Aurland natur og kulturarv BA om gjennomføring av prosjektet “Kjøkenhagen”.